Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Våre diktande mødre, Olav Vessaas og Magnus Takvam

8. mars 2023 @ 12:00 - 14:00

 

«Alle» har eit forhold til to av dei verkeleg store kvinnelege forfattarane våre, Halldis Moren Vesaas og Marie Takvam, to kvinner som på kvar sine vis har forma og prega den norske litteraturen i nyare tid. 

Kjende er også sønene til desse to kvinnene – Olav Vesaas som forfattar og journalist og Magnus Takvam som ein av profilane i den politiske redaksjonen til NRK. Dei kjem for å samtale om mødrene sine, og gi oss eit innblikk i dei to forfattarane sine liv som berre er kjend for dei som var heilt nær dei.

Jan Kløvstad introduserer dei to sønene, som begge har skrive biografier om mora. Han vil lokka dei frampå om tema som dei diktande mødrene sin påverknad på sønene sine, om korleis omverda behandla borna til dei profilerte forfattarane og ikkje minst om korleis dei var som mødre og omsorgspersonar. I tillegg kjem dei til å snakka om lukkeleg og ulukkeleg kjærleik, språk, litteratur, venskap og mykje, mykje meir.

 

 

 

Detaljer

Dato:
8. mars 2023
Tid
12:00 - 14:00
Kategori for Arrangement:
Arrangement Tags:

Sted

Store Torungen, Arendal kulturhus
Sam Eydes plass 2
Arendal, 4836 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Senioruniversitetet i Arendal
Telefon
92245030
Epost
jecor@online.no
Vis Arrangør nettside
Skroll til toppen