SYLFEST LOMHEIM: "FRONTALLAPPEN - KUNSTIG INTELLEGENS SOM OMSETJAR?"

Om foredraget:

Foredraget baserer seg på Lomheims bok "Frontallappen - kunstig intelligens som omsetjar" . Boka ble gitt ut i 2026. 

I 2023 kom det over oss ei gigantisk tek-bølgje  som må seiast å ha endevendt omsetjingsfaget.  Det vesentlige i opningskapittelet er å avklara og gjere tydeleg at det som skjer i KI-programma og det som skjer i vår hjerne, ikkje kan sammenliknast.  Dei to, maskina og mennesket, spelar ikkje på same lag.  Dei er på kvar sin banehalvdel.  Sidan appane rår over menneskets kvardag på 2020-talet, er det både rimeleg og venta at me menneske brukar appar til å levera meir eller mindre gode omsetjingar.  Mennesket har i dag gjort data-omsette tekster til ein del av kvardagen.  Difor må KIs språkgenerering verta tema i starten, sjøl om hovudmålet med boka er skrive om alle dei komplekse, intellektuelle prosessane som går føre seg i menneskehjernen under omsetjing.  Dei prosessana som skjer i den fremre delen av hjernen går føre seg seg nettopp i det området som går under nemninga "frontallappen".

Store Torungen, Arendal Kulturhus.
Fra til
Oppdatert 2. nov. 2026 kl. 15:58

Om foredragsholderen:

Sylfest Lomheim (f1945) kjem frå Hafslo i Sogn.  Han er professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder.  Han har skrive om omsetjing, om setjingsteori,  fagspråk og språknomering.